Når treng du serverings- og skjenkeløyve?
- Skal du starta ein serveringsstad og ynskjer å skjenka alkohol, må du søkja om både serverings- og skjenkeløyve
- Har du serveringsløyve frå før, søkjer du om skjenkeløyve i tillegg.
- Om du tek over ein eksisterande serveringsstad, må du søkja eige løyve seinast 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging.
Korleis få serverings- og skjenkeløyve?
- Serverings- og skjenkeløyve vert gjeve til verksemda som skal drifta staden
- Alkohollova og serveringslova stiller krav om uklanderlig vandel
- Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven for å kunne søkja om skjenkeløyve
- Dagleg leiar må vera tilsett ved staden, om ikkje eigar har denna rolla
- Daglig leiar må ha bestått etablererprøven for å kunne søkja om serveringsløyve
- Styrar og avløysar må vera over 20 år
- Styrar og avløysar må vera tilsett staden eller arbeida der i kraft av eigarstilling
Vedlegg som må følgja søknad om serverings- og skjenkeløyve
- Skildring av staden sin plassering
- Stadfesting på bestått etablererprøve for dagleg leiar
Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar på staden
- Adkomstdokumenter, for eksempel leiekontrakt eller skjøte. Ved fremleie må du også sende inn tillatelse til fremleie og fremleiekontrakt.
- Grunneiers tillatelse til uteservering
- Tegning av lokalet inne og ute
- Aksjeselskaper må sende aksjeeierbok med bekreftelse på eierandeler oppgitt i prosent
- Opplysninger om bakenforliggende eierforhold, for eksempel eiere bak aksjeselskapet, der driftsselskapet er helt eller delvis eid av andre selskaper
- Kjøpekontrakt eller annen dokumentasjon på overdragelse, hvis du søker om bevilling etter eierskifte
- For båter: Passasjersertifikat for båter med plass til mer enn 12 pasasasjerer, nasjonalitetsbevis
Kor lang tid tek det?
- Søknad om serverings- og skjenkeløyve vert stort sett handsama innan 60 dagar.
- Søknaden vert sendt på høyring til politiet, NAV Ullensvang og Skatteetaten.
- Handsamingstida kan verta lenger om høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til saka eller om det kjem endringar undervegs i søknadshandsaminga.
Lover og forskrifter
Retningsliner Ullensvang kommune:
Regelverk: