• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Nettlesersesjonen er utløpt, og utfylling som ikke er lagret kan være tapt. Vennligst last siden på nytt for å fortsette på skjemaet.

Skjemautfylling

Søknad om fritak for slam-, feie-, vass- og avløpsgebyr

Informasjon

Eigar er pliktig til å melde frå skriftleg til kommunen dersom fritaksgrunnen opphøyrer. Foreldelsesfristen er 3 år jf. foreldelseslova § 2. Innvilga søknad om fritak har ikkje tilbakeverkande kraft.  

Kriterium for å få fritak for slamgebyr 
For å få fritak for slamgebyr gjeld krav om at gebyrpliktig bygning ikkje er i bruk i meir enn eitt år. Fritak kan gjevast for inntil 1 år og gjeld frå månaden etter at søknad er mottatt. Det er òg høve til å søkja om fritak dersom bygning står til forfall og ikkje kan brukast som bustad/fritidshus. Eigenerklæring må sendast kommunen. Ved innvilga søknad om fritak for slamgebyr gir kommunen melding til tømmefirma. For å få samanhengande fritak må ny søknad sendast kommunen før tidlegare fritak går ut.  

Kriterium for å få fritak for feie- og tilsynsgebyr 
Eitt feiegebyr per pipeløp. Pålagt feie- og tilsynsgebyr. Kan få fritak dersom eldstad er fjerna eller det er sikra mot bruk. Feiar er fysisk ute og sjekkar at det er grunnlag for fritak og melder dette vidare internt slik at gebyr vert fjerna. Feiar og eigar melder frå når gebyr skal inn igjen.

Kriterium for å få fritak for vass- og avløpsgebyr 
Dersom ein eigedom i lengre tid blir plombert/fråkopla det kommunale vass- og/eller avløpsnettet, kan abonnenten etter søknad fritakast frå forbruksgebyret (variabelt ledd). Abonnenten må sjølv dekkje kostnadene med fråkopling/plombering. Dokumentasjon frå røyrleggjar på at leidning er kopla frå/plombert må liggja ved søknaden. Eventuelt fritak gjeld frå første månad etter at søknaden er godkjent. Fritak kan gjevast for inntil eitt år, og gjeld ikkje tilbake i tid. For å få samanhengande fritak, må ny søknad sendast kommunen før tidlegare fritak går ut.   

Fritak for renovajsonsgebyr har eige skjema:
Søknad om fritak for renovasjonsgebyr og endring av abonnement  

Hjelp
Lukk
  1. Klikk på Hjelpesymbol der du treng hjelp til utfyllinga.
  2. Skjemaet lagrar svara undervegs i utfyllinga. Dersom du vel å avbryte ved f.eks. å lukke nettlesarvinduet eller trykke på Avbryt-knappen og deretter bekreftar at du vil avbryte utfyllinga, vil all informasjon forsvinne.
  3. Ingenting blir sendt inn før du sjølv bekreftar innsending, ved å velje Send inn-knappen. Denne knappen kjem fram etter at opplysningane er kontrollert og godkjent på oppsummeringssida.

Bruk og utfylling

Klikk på hjelpesymbola for informasjon om utfylling.

* Betyr obligatorisk for utfylling

Etter 20 minutt utan aktivitet kan utfylling av skjema gå tapt.

Klikk på Hjelp øverst til høgre for generell hjelp om skjema.

Ver venleg og vent...

Loader