Informasjon om IP
Ein søknad om individuell plan (IP) kan framstillast munnleg/skriftleg og/eller gjennom andre. Uansett skal ein søknad behandlast. Er det ein munnleg førespurnad, kan søknaden fyllast ut saman med eller på vegner av søkjar. Her er det rettane til ein IP som saman med rettleiingsansvaret til helsepersonell som er viktigast. Søknaden er sett bort frå offentligheten og vil bli konfidensielt behandla. Jfr. Forvaltningslova § 11.
Generell informasjon om skjema
Om du ikkje lastar opp naudsynte vedlegg i det digitale skjemaet kan dette ettersendast per post:
Ullensvang kommune
v/Tildelingskontoret
Opheimsgata 31
5750 Odda
Ikkje lagring
Det er ikkje mogeleg å lagra undervegs i utfyllinga. Er skjema inaktivt i meir enn 20 minutt, blir det du har fyllt ut borte.
Dette må følgje søknaden
Du må leggje ved "Samtykkeerklæring for utarbeiding av individuell plan" til søknaden, dette er ein del av skjemaet.
Søkjar kan og nytta seg av fullmektig som opptrer på sine vegne. Dersom den fullmektige ikkje er advokat, må skriftleg fullmakt frå søkjar leggjast som vedlegg.
Rettleiing til utfylling
- Alle felt som er merka med * er obligatorisk å fylle ut.
- Nokre felt har eit ? ved siden av spørsmålet. Ved å klikke på spørsmålsteiknet kjem det opp rettleiing til utfylling av feltet.