Dette meldeskjemaet skal nyttast av alle som vurderer å starte opp med hudpleie, frisørverksemd, tatoverings- og holtakingsverksemd.
Alle som vil drive med tatovering- og holtakingsverksemd skal på førehand søkje om godkjenning av lokala med vurdering av alle forhold som kan ha innverknad på helse, hygiene eller tryggleik for kundane.
Tatoverings- og holtakingsverksemd kan berre utøvast i godkjent lokale. Dette inneber at slik verksemd ikkje kan drivast utandørs eller ved omreisande verksemd. Med tatovering omfattar dette også permanent makeup, microblading og liknande og ved holtaking omfattar det også enkel holtaking i øyrer.
Utdjupande informasjon om kva som må til for å oppfylle krav i forskrifta: Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet m.v.
Vedlegg som skal følgje søknaden:
- Kopi av verksemda sitt internkontrollsystem
- Skisse over lokalet
Den som eig eller driv verksemd som omfattast av forskrifta, må også rette seg etter pålegg frå andre myndigheitsorgan, for eksempel arbeidstilsynet, mattilsynet, brannvesenet med fleire.