Informasjon om kommunale utleigebustader
Ullensvang kommune disponerer ulike typar utleigebustader som vert leigd ut fortrinnsvis til eldre og andre vanskelegstilte på bustadmarknaden. Korttidsutleige for tilflyttarar eller andre som treng rask busetjing kan vera aktuelt dersom det er ledige eigna bustader.
Kommunale gjennomgangsbustader (ordinære utleigebustader), vert tildelt av Bustadkontoret. Omsorgsbustader har eige søknadsskjema, desse vert tildelt av Tildelingskontoret. Vurdering av søknader om kommunal gjennomgangsbustad vert tatt opp i Bustadrådet, som er tverrfagleg samansett og rådgjevande ved tildeling av kommunale gjennomgangsbustader. Tildeling av kommunal gjennomgangsbustad vert gjort ein gong i månaden. Ved akutt behov ta direkte kontakt med NAV eller via Bustadkontoret.
Retningsliner for tildeling av kommunal bustad
Utskriftsvenleg versjon av skjema
Om du ikkje kan fylla ut skjema digitalt - skriv ut skjema ved å fylgja lenkja under:
Utfylt skjema skal sendast per post til:
Ullensvang kommune
v/ Bustadkontoret
Opheimsgata 31
5750 Odda