Informasjon om tilskotsordning
Kulturfondet er øyremerka til nyskapande og innovative kulturtiltak.
Krav til søknad:
- Tilskot vert gjeve til utviklingsprosjekt innan kultur av regional interesse.
- Søknad må inkludera prosjektbeskriving, budsjett og finansieringsplan.
Det vert ikkje gjeve tilskot til ordinær drift.
Søknadsfrist: 15. mars
Digitale søknadsskjema
Nytt av året er at de søkjer digitalt. Logg inn med ID-porten eller Gå direkte til skjema.
Merk! Fyrste gong du loggar deg inn på eit skjema via ID-porten må du leggja inn personnummer, namn, adresse ol. Det vert då oppretta ein "profil" som vert hugsa att neste gong du logger deg inn. Det er desse opplysningane som automatisk vert fylt inn i skjema.
Vel du innlogging med ID-porten:
- vil du i skjema få personopplysningar automatisk fylt inn i nokre felt.
- kan du lagra skjema undervegs. Dette kan du ikkje om du vel Gå direkte til skjema.
Du har 20 minutter til rådigheit til å fylle ut skjema.
Tips! Du kan sjå gjennom skjema ved å klikke på dei ulike tema på venstre sida på nettsida.