Informasjon om tilskotsordning
Her kan ein søkja om refusjon av dokumenterte driftsutgifter/vedlikehald. Max ca. 20%.
Vedlegg som skal følgja søknaden:
- Rekneskap
- Årsrapport
- Budsjett for året som det vert søkt tilskot til
Søknadsfrist: 1. april
Meir informasjon om alle Tilskotsordningar til kultur, idrett og friluftsliv i kommunen finn du her på nettsida vår.
Digitale søknadsskjema
Nytt av året er at de søkjer digitalt. Logg inn med ID-porten eller Gå direkte til skjema.
Merk! Fyrste gong du loggar deg inn på eit skjema via ID-porten må du leggja inn personnummer, namn, adresse ol. Det vert då oppretta ein "profil" som vert hugsa att neste gong du logger deg inn. Det er desse opplysningane som automatisk vert fylt inn i skjema.
Vel du innlogging med ID-porten:
- vil du i skjema få personopplysningar automatisk fylt inn i nokre felt.
- kan du lagra skjema undervegs. Dette kan du ikkje om du vel Gå direkte til skjema.
Du har 20 minutter til rådigheit til å fylle ut skjema.
Tips! Du kan sjå gjennom skjema ved å klikke på dei ulike tema på venstre sida på nettsida.